Hopp til innhold

Brann er interessert i Koomson

Brann skal vere nær ved å leggje inn eit bod på Sogndal-spelaren Gilbert Koomson, ifølgje BA. 23-åringen frå Ghana har eitt år igjen av kontrakten med sogningane. Agent Kenth Haugland stadfestar at fleire norske klubbar er interesserte i Koomson, som har scora sju mål og spelt 28 kampar for Sogndal i årets sesong.

Gilbert Koomson på La Manga
Foto: Kjell Joran Hansen / NRK