Hopp til innhold

Bjelde på «nye» J19-Norge

Thea Bjelde frå Sogndal er tatt ut på det som skal bli det nye J19-landslaget i fotball. I månadsskiftet august/september møter Noge Island og Sverige i Sandefjord. 18-åringen var også med på laget som kom til semifinalen i EM-sluttspelet i sommar. Bjelde, som spelar for bergensklubben Arna-Bjørnar, står med 39 aldersfastlagde landskampar for Norge.