Hopp til innhold

Auke i snøskredhendingar

Tal frå Noregs vassdrags- og energidirektorat viser at 113 personar har vore involvert i totalt 66 snøskredhendingar denne vinteren. I februar i fjor vart ein 29 år gamal mann kritisk skadd etter å ha blitt tatt av eit snøskred i Sogndalsdalen. Trass i ei femdobling i skredrapportering frå året før har likevel ingen mista livet i snøskred i Noreg denne sesongen.