Hopp til innhold

Åtvarar mot såpeglatt E39

Ein innringar melder om glatt E39 mellom Nor bru og Grodås i Nordfjord. – Det var klink is. Eg prøvde å bremse oppe, men det nytta ikkje. Her er verken grusa eller salta, opplyser han og ber bilistane vere på vakt. Vegtrafikksentralen opplyser at dei førebels ikkje har fått meldingar om glatt veg i Sogn og Fjordane.