Ambulansebåtar kan få nye oppgåver
Helse Førde ser på om ambulansebåtane i framtida også kan ha andre oppgåver som til dømes innan brannvern. – I samband med at det skal utarbeidast nye anbod, har Helse Førde bede kommunane svare på kva andre oppgåver dei ser føre seg kan vere aktuelle for ambulansebåtane, seier Trine Hunskår Vingsnes som er direktør for kirurgisk klinikk og prosjektleiar for båtambulanse sør.