Hopp til innhold

– Har ikkje spreidd seg til huset

– Det ser ikkje ut til at pipebrannen i ein bustad i Kvammen i Askvoll har spreidd seg til huset, det opplyser Jan Gunnar Holvik ved 110-sentralen i Sogn og Fjordane. Det var huseigaren sjølv som oppdaga pipebrannen. Ifølgje Holvik har brannvesenet ikkje sett opne flammar i huset. Røykdykkarane er no inne i huset for å kjøle ned pipa, og for å forsikre seg om at brannen ikkje har spreidd seg. Det er ikkje meldt om personskadar.