Hopp til innhold

– Ein siger for elevane

Frå neste skuleår blir obligatorisk køyreopplæring rekna som godkjend fråvær i skulen. Det betyr at fråvær på grunn av mørkekøyring, glattkøyring og landevegskøyring ikkje vil verke inn på regelen om maksimum ti prosent fråvær. Dette er ein del av den nye regjeringsplattforma som blei lagt fram torsdag. – Dette er ein kjempesiger for elevane. Vi bur i eit land med store avstandar. Då er det også mange som er avhengig av bilen, seier fylkesformann Martin V Jonsterhaug i Vestland FpU.

Kjøreopplæring
Foto: Hilde Martine Lindgren / NRK