Hopp til innhold

8000 i bot for manglande oppmøte

Tre tenestepliktige mannskap i Sogn og Fjordane får 8000 kroner i bot for å ikkje ha møtt til pliktig teneste. Det skriv Sivilforsvaret i ein pressemelding. Alle dei tre har gjennom fleire år ikkje meldt seg til teneste når dei har blitt kalla ut.