Hopp til innhold

18-åring lettare skadd i ulykke

Ein 18 år gamal mann fekk lettare skader etter ei utforkøyring på riksveg 15 i Stryn i dag tidleg. Det opplyser Helse Førde som skriv på Twitter at mannen er innlagt for behandling ved Førde sentralsjukehus. Mannen var førar av ein bil som hamna utfor vegbana. Politiet melde om glatte vegar i området då ulukka skjedde.

Bil av vegen på riksveg 15 i Stryn
Foto: Silje Guddal / NRK