Hopp til innhold

Vegen stengt minst ei veke

Vegvesenet har i samråd med geolog bestemt at eit helikopter må spyla fjellsida der raset gjekk ved Oltedalsvegen i Gjesdal i dag. Vegen har også fått store skadar. Dermed blir vegen stengt ei god stund til.

– Me får ikkje opna vegen i dag. Heller ikkje i helga, det går nok minst ei veke, seier kontrollingeniør, Oddvar Ollestad, i Statens vegvesen.

Det er omkøyring via Fylkesveg 450 i Oltedal.

Kontrollingeniør Oddvar Ollestad
Foto: Sindre Kirkaas Normann / NRK