Hopp til innhold

Utelukkar ikkje munnbind-påbod

– Vi treng hjelp av innbyggarane. Vi treng at kvar enkelt kjenner på eit ansvar om å ta ekstra omsyn, seier Kari Nessa Nordtun (Ap).

Stavangerordføraren seier til NRK at politikarane arbeider for å få ei god handtering av det aukande smittetrykket fleire kommunar i Rogaland no opplev.

Regjeringa kom i dag mellom anna med anbefalingar om å bruke munnbind på kollektivtransport, på kjøpesenter og i butikkar.

Noko påbod om munnbind kom ikkje frå nasjonalt hald, men det kan kome lokalt.

– Det kan eg ikkje utelukke no, men vi gjer ei heilskapleg vurdering utifrå informasjonen vi får, seier Nordtun.

Klokka 18 onsdag skal ordførarane på Nord-Jæren møtast for å diskutere situasjonen.

Kari Nessa Nordtun (Ap)
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Flere nyheter fra Rogaland