Hopp til innhold

Trua med å skyte politiet

– Det kom trugslar om at dersom politiet skulle komme, ville dei skyte oss, seier stasjonssjef på Egersund politistasjon, Elisabeth Helgevold Vorland til Dalane Tidende dagen etter den væpna aksjonen på ei adresse i Sokndal, sør i Rogaland.

Trugselen kom natt til søndag og sette i gong ein storstilt væpna aksjon.

Politiet ransaka bustaden på jakt etter våpen. Dei pågreip to personar som seinare blei dimittert.

Dei involverte er kjent for politiet frå før av.

Til Dalane Tidende seier Vorland at det er snakk om eit avgrensa miljø på fem til sju personar som verkar skremmande for nærmiljøet.

To naboar blei evakuerte under aksjonen.

Dalane væpnet aksjon
Foto: Heidi Karin Gilje Skog / Heidi Karin Gilje Skog