Hopp til innhold

Sørtoget skal igjen stoppe på Bryne

Frå måndag 15. april blir det igjen mogleg å gå på Sørtoget på Bryne.

I desember i fjor forsvann moglegheita til å gå på fjerntoget på Bryne. Bakgrunnen var å betre punktlegheita.

Men Bane Nor og Go-Ahead har fått fleire tilbakemeldingar om at avgangen frå Bryne til Stavanger 07.47 er særleg viktig for pendlarar, og dei skal nå prøve ut at toget stoppar der igjen.

Dette skal bli testa ut mai månad før det blir tatt ei endeleg avgjerd.