Hopp til innhold

Sokndal på grensa

Ein av 20 innbyggjarar i Sokndal har blitt smitta av korona dei siste to vekene. Det opplyser ordførar i Sokndal, Jonas Andersen Sayed til Dalane Tidende. Kommunen står nå midt i ei bemanningskrise, fordi mange tilsette i skular, barnehagar og sjukeheimar, er smitta og må vera i karantene. Me er heilt på grensa når det gjeld å halde opp god drift på skule og helsevesenet, seier Andersen Sayed.

Jonas Andersen Sayed (KrF)
Foto: Ole Andreas Bø / NRK