Pasient sikta for drapsforsøk
Ei kvinne i 40-åra er sikta for drapsforsøk på fastlegen sin, skriv Stavanger Aftenblad. Hendinga skjedde på eit legesenter på Mariero i Stavanger førre fredag. Legen skal ha blitt knivstukken i armen. Skadane han vart påført skal ikkje vere alvorlege.