Hopp til innhold

Regjeringa varslar trekk i ferjetilskott til Rogaland

Kommunaldepartementet har nå sendt brev til Rogaland fylkeskommune, der det blir varsla eit trekk i tilskott til ferjedrift, dersom ikkje Rogaland gjeninnfører at det skal vera gratis å ha med bil på dei fylkeskommunale ferjene i fylket. Det seier Hanne Marte Vatnaland, gruppeleiar for Senterpartiet i fylket.

Det står ikkje i brevet kor stort trekket blir, men det går fram at fylkeskommunen må innføre på nytt gratisprinsippet innan 1. mai. Viss ikkje blir pengane som regjeringa har løyvd til gratisordninga, trekt tilbake.

– Om dei ikkje har lyst å gi innbyggjarane gratis ferje, då kan dei ikkje å ta imot desse pengane, seier kommunal og distriktsminister, Erling Sande til NRK.

Det er berre i Rogaland, av alle ferjefylka i landet, at fleirtalet i fylket ikkje har fortsett gratisprinsippet etter nyttår.

Fylkesordførar i Rogaland, Ole Ueland frå Høgre stadfestar at dei har teke imot brevet.

– Me meiner at dei trugar oss med noko dei ikkje har høve til å gjera. Me skal gjera ei grundig vurdering og har behov for å diskutera dette med KS for å sjå på lovlegheita av dette. For her utfordrar dei spelereglane som gjeld, sier Ueland.

Kvitsøyferja i hardt vêr ved Mekjarvik
Foto: Erik Waage / NRK