Hopp til innhold

Nedleggingstrua skule får halde fram

Tysdag føremiddag var nye skulebruksplan oppe til behandling i formannskapet i Time kommune.

Saka skal opp til endeleg behandling i kommunestyret 7. mai.

Kommunedirektør Trygve Apeland anbefaler å legge ned Hognestad skule frå hausten 2025. Fleirtalet i formannskapet er ikkje einig i dette, skriv Stavanger Aftenblad.

Med 5 mot 4 stemmer får skule halde fram med drifta, men utan pengar til oppussing.

Planen er at elevane på Hognestad skal flyttast til Rosseland skule på Bryne.

Dette skuleåret er det 64 elevar og 15 tilsette ved Hognestad skule.

Hognestad skule
Foto: Lone Lunde