Hopp til innhold

Mogleg gasslekkasje på industriområde

Naudetatane rykka i kveld ut til industriområdet Husøy på Karmøy, etter melding om ein mogleg gasslekkasje. Det var kjent propanlukt i området. Røykdykkarar har vore på staden for å lokalisera lekkasjen.

Det er gjort gassmålingar på staden, men ingen utslag. Det er truleg snakk om eit dieselaggregat som har gitt frå seg kvit røyk, skriv politiet nå i kveld. Dette har stått ved sida av ein tank.

Hendinga er avklart og det er ikkje materiell skade.