Hopp til innhold

Kan likevel bli flosshatt og sjakett i Stavanger

17. mai-utvalet i Stavanger har bede Formannskapet sjå på saka om sjakett og flosshatt til medlemmane i 17. mai-utvalet på nytt.

– Det har komme veldig mange sterke reaksjonar. Mange reagerer på at ein stor stavangertradisjon skal forsvinne, seier utvalsmedlem Kristoffer Sivertsen (Frp).

I mars vedtok eit fleirtal i utvalet å gå vekk frå ordninga der kommunen betaler for finstasen på 17. mai. Ordninga har vore ein tradisjon i 100 år. Men Arbeidarpartiet i byen meinte det ikkje høyrte heime å bruke skattebetalarane sine pengar på sjakett og flosshatt.

Også Eirik Faret Sakariassen (SV) meiner det tilhøyrer fortida. Han er medlem i 17. mai-utvalet.

– Eg er usikker på om det blir fleirtal i formannskapet. Vi meiner det er ei ordning som tilhøyrer fortida, seier han.

Ordførar Sissel Knutsen Hegdal (H) har tidlegare opplyst at det blei brukt 28.000 kroner på mennenes klesdrakt i førre komité-periode. I tillegg skal to kvinnelege komitémedlemmar ha fått 4.000 kroner kvar for å kjøpe antrekk dei siste periodane.

Sakariassen meiner fokuset må ligge på det som er viktig med 17. mai.

– Skolearrangementa, tog og dugnad er det viktige med 17. mai. Ikkje klede til 17. mai-utvalet, seier han.

Bak fra venstre:
Kolbein Haakon Lunde, Hard Olav Bastiansen, Bjarne Kvadsheim og Fredrik Christensen.
På benken: Ann Sesilie Tekfeldt og Gulale Samiei.
Foto: Liv Marit Netland / Stavanger Kommune

Flere nyheter fra Rogaland