Hopp til innhold

Kan bli gratis ferjer igjen i Rogaland

Fleirtalet i fylkespolitikken opnar for å gå tilbake på kravet om at bilførarar må betale på dei fylkeskommunale ferjene i fylket.
Dersom regjeringa trekk pengar frå statlege overføringar, som frie inntekter, så vil Rogaland fylkeskommune gjera eit nytt vedtak, sa gruppeleiar Erlend Jordal i Fylkestinget.

Ferjene blei gratis for bilar i fjor haust, men det nye fleirtalet med Høgre, Frp, Venstre og KrF innførte betaling igjen frå 15. april.
Årsaka er at regjeringa har innført eit kutt i overføringane til Rogaland fylkeskommune på 119 millionar i år, og derfor må bilistane på ferjene betale for at fylket skal ha råd til å halde oppe hurtigbåtrutene, meiner fleirtalet.

Kvitsøy ferje
Foto: Arild Eskeland / nrk