Hopp til innhold

Ikkje gratis ferjer i Rogaland

Det blir ikkje gratis ferjer i Rogaland frå i morgon av. Fleirtalet i fylkespolitikken opnar likevel for å gå tilbake på kravet om at bilførarar må betala på dei fylkeskommunale ferjene i Rogaland.

Fleirtalet av politikarane i fylkestinget vil sjå at regjeringa trekkjer pengane tilbake i revidert budsjett før dei endrar vedtaket.

Fredag fekk fylkeskommunen brev frå kommunalminister Erling Sande (Sp) om at dei hadde frist på seg til i dag til å endre vedtaket.

Flere nyheter fra Rogaland