Hopp til innhold

Hognestad skule blir ikkje lagt ned

Fleirtalet i Time kommunestyret har vedteke å oppretthalda drifta ved Hognestad skule. Men då droppar dei omfattande rehabilitering av skulebygget. Forslaget fekk 16 mot 11 stemmer.

– Me kan gratulera Hognestad skule med vidare drift, sa ordførar Andreas Vollsund frå Høgre etter at vedtaket var fatta. Han har sjølv vore for ei nedlegging av skulen.

Hognestad skule
Foto: Lone Lunde