Hopp til innhold

Fem menn i kamp i Stavanger

Fem menn i 20–30 års alderen barka saman på ein serveringsstad i Stavanger sentrum i tretida i natt. Tre av dei blei køyrt til legevakta for sjekk. Ein blei sett i arresten og ein annan blei vist vekk frå sentrum. Dei to bli melde for kroppskrenking og for å ha forstyrra orden på offentleg stad.