Fall i sjøen då han fiska frå kaien
Ein mann fall på sjøen på Tasta i Stavanger i 16-tida, søndag. Uhellet skjedde i samband med fisking frå kai. Han har etterpå vore om bord i redningsskøyta, der dei har slått fast at mannen er i god form etter den uventa symjeturen.