Hopp til innhold

Epletreslang i hage i Stavanger

Natt til onsdag, klokka halv fem på morgonen, høyrde Trond Pedersen i Ramsvik på Storhaug i Stavanger, at nokon spadde i hagen hans.
Då han kikka ut var to personar i ferd med å spa opp eit to meters høgt epletre.
Pedersen banka i vinduet og ropte, og då stakk dei to av med treet på ein sparkesykkel.
Epletreet er ennå ikkje kome til rette, skriv Aftenbladet.