Hopp til innhold

Bygning i flammar på Karmøy

Rett før 0800 blei det meldt om brann i ein verkstadbygning i Visnesvegen på Karmøy. Det er synlege flammar, men det skal ikkje vera folk inne i huset. Truleg har brannen oppstått i eit strauminntak, melder politiet. Brannen blei raskt sløkt.