Hopp til innhold

Bil på autovernet – trafikken går som normalt

Politiet har fått fleire meldingar om ein bil som står oppe på autovernet på riksveg 444 ein stad i Sandnes.

Politiet fortel til NRK at de står å dirigerer på staden, og det skal vere trafikale utfordringar.

– De bruker politibilane til å sikre området rundt bilen, fortel operasjonsleiar, Bjørn Iden frå Politiet Sør Vest.

Det er heller ingen personskade, og det skal ha vore to personar i bilen, opplyser politiet.

Det skal også vere svært glatt der.

Klokka 19.47 har bilen blitt fjerna og trafikken går som normalt.