Hopp til innhold

Ber kommunar ta vare på dei ramma etter masseskytinga

Helsedirektoratet har sendt ut eit brev gjennom statsforvaltarane, der dei ber kommunane om å ta vare på dei gruppene som er ramma av masseskytinga som var i Oslo i helga. Dei spesifiserer at både direkte og andre ramme vil trenge hjelp.

Dei direkte ramma er:

- Etterlatne, familiar og venar 
- Skadde, deira familiar og nære 
- Vitne til hendingane og deira næraste

Dei andre ramma er:

- Det skeive miljøet 
- Folk som er ramma av terroren 22. juli, krig og valdshandlingar 
- Barn, unge og resten av befolkninga.