Hopp til innhold

Abelprisen flyttast på grunn av streikefare

Prisutdelinga av Abelprisen blir flytta frå aulaen ved Universitetet i Oslo til Akademiets hus. Det har Det Norske Videnskaps-Akademi bestemt i dag tidleg. Universitetstilsette kan bli teke ut til streik dersom det blir brot i meklinga.

Abelprisen har ikkje arrangert ein fysisk seremoni sidan 2019. I dag vil Dennis Parnell Sullivan frå USA bli tildelt den høgthengande matematikkprisen for banebrytande bidrag til topologi, ein type geometri.