Hopp til innhold

Verdal kommune vil lagre vindturbinar i raudlista elvedelta

Verdal kommune i Trøndelag ønsker å fylle igjen eit raudlista elvedelta for å skaffe lagerplass til vindturbinar. Dårleg nytt for fuglane, meiner Birdlife Noreg.

– Vi er midt i ei global og ei norsk naturkrise. Talet på fuglar i Noreg har stupt de siste par tiåra. Mange av artene som nå er trua, har nettopp våtmark og elvedelta som viktige leveområde, seier Kjetil Solbakken i Birdlife Noreg til Aftenposten.

Elvedelta er ei raudlista trua naturtype i Noreg. Ørin-deltaet i Verdal vart delvis naturreservat i 1993, men ein stor bit er framleis øyremerkt industri.

No vil kommunen fylle ut dette, og gi meir plass til Aker Solutions Verdal som treng plass til å lagre konstruksjonar til skotske vindturbinar og laksemerdar til havbruk.

Kommunen seier de må vege omsynet til naturen mot behov for nye arbeidsplassar. Planane er ikkje endeleg vedtatte.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no