Hopp til innhold

Oppryddingsarbeidet ved Arna stasjon vil ta tid

Bane Nor har starta oppryddingsarbeidet ved Arna stasjon etter godstogulukka fredag.

– Det er ein stor jobb å rydda skadestaden på Arna stasjon. Me har drive på med det i natt og i dag tidleg, og i føremiddag har me planlagt og førebudd ryddeoperasjonen, seier Anne Kirkhusmo, pressevakt i Bane Nor.

– Akkurat no så er det ei mobil kran som er i ferd med å heisa konteinarane frå dei øydelagde godstogvognene, legg ho til.

Bane Nor kan ikkje seia kor lang tid oppryddingsarbeidet vil ta, men seier at dette vil ta tid.

– Det er nok snakk om dagar, men kor mange dagar det vil ta, veit me ikkje.

Bane Nor opplyser at Vy har sett opp alternativ transport mellom Bergen og Vaksdal der persontogtrafikken er innstilt.

Opprydningsarbeid ved Arna stasjon
Foto: Oskar Rennedal / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no