Hopp til innhold

Offentleggjer namn etter kajakkulukke i Kinn

Det var Martin Blom (33) som omkom i kajakkulukka i Kinn kommune tysdag. Det opplyser politiet i ei pressemelding. Dei skriv at dei pårørande er informerte om at namnet blir offentleggjort.

Det blei sett i gong ein redningsaksjon etter at Blom ikkje kom tilbake frå ein kajakktur. Pårørande varsla sjølv politiet. Redningshelikopter, ambulansebåt og båt frå Røde Kors deltok i redningsaksjonen.

Blom blei funne bevisstlaus i sjøen i Kinn 26. mars. Han blei frakta til Haukeland sjukehus med redningshelikopter, men ble stadfesta omkommen på sjukehuset.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no