Hopp til innhold

Mann dømd for koronabedrageri

Ein mann er i Vestfold tingrett dømd til seks månader fengsel for koronabedrageri, skriv Økokrim i ei pressemelding.

Han får også inndrege 320.000 kroner for bedrageri av ei støtteordning innført i samband med covid-19.

Mannen skal ha opplyst at han hadde planlagt 12 billøp med radiostyrte bilar, men retten var einige med Økokrim i at arrangementa var fiktive og ikkje på noko tidspunkt tenkt gjennomført.

Saka er ein del av Økokrims satsing mot bedrageri av støtteordningar innført under pandemien.

Det er ikkje kjent om mannen vil anke dommen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no