Hopp til innhold

Lysfenomen over Oslo

I skumringa i ettermiddag har lys-stoplar sveva over Oslo.

– Lysstolpar kan ein gjerne kalle det, eller lyspilar er eit anna namn på dette lysfenomenet, seier vakthavande meteorolog Espen Biseth Granen ved Meteorologisk institutt.

Han forklarar at det som skjer når det er kaldare enn -8 grader, slik som det er i Oslo, så klarer ikkje lufta å halde på fukta og det blir laga iskrystallar i lufta.

– Det er når sola går ned at ein ser dette fenomenet, fordi sollyset brytast i krystallane på ein spesiell måte.

Han seier at dette skjer frå ei tid til anna, men at det må vere veldig kaldt og tørt ute.

Lysfenomen over Oslo
Foto: Helge Carlsen / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no