Hopp til innhold

Har sendt ut farevarsel etter togulykke – ber folk halde seg unna

I Bergen er det sendt ut farevarsel etter togulykka ved Arna stasjon.

Politiet ber folk halde seg inne og halde vindauga lukka. Dei ber også folk halde seg 500 meter unna stasjonen.

– Det er for å vere føre-var fram til vi veit kva som er inne i toga, seier Stian Kvam i 110 Vest.

Kvam seier dei gjer dette fram til dei har fått betre oversikt over hendinga.

– Vi veit at det er 25 vogner som har spora av. Dei har delvis velta ved stasjonen og inne i tunnelen.

– Vi angripe frå begge sider.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no