Hopp til innhold

Energikommisjonen sår tvil om klimamåla

Regjeringa får i dag tilrådingar til ein ny energipolitikk, men komiteen er ikkje sikker på om vi har nok kraft til å nå klimamåla for 2030.

Kommisjonen konkluderer med at klimamåla for 2030 per i dag «ser svært ambisiøse ut». Men at «politisk vilje» og upopulære val framleis kan tippe vektskåla:

– Alt må gå mykje kjappare enn det gjer i dag, seier ei kjelde i Energikommisjonen til NRK.

I sjølve rapporten heiter det: «Vi snakkar ikkje lenger om å auke takten. Vi må opp i eit tempo vi ikkje har sett før.»

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no