Hopp til innhold

DN: Lan Marie Berg gir seg i politikken

MDGs Lan Marie Berg tek ikkje attval til Stortinget, melder Dagens Næringsliv.

– Det kjennest vemodig, og det har vore ein lang prosess for meg. Men eg er på same tid sikker på at dette er rett no, seier ho.

Berg tek attval som nestleiar i partiet, som startar landsmøtet sitt fredag. Men skulle ho bli valt, vil ho trekke seg frå vervet allereie på neste landsmøte, våren 2025, seier ho, og med det gå heilt ut av politikken.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no