Hopp til innhold

Buss og trikk påverka av situasjonen ved Stortinget

Politiet har stengt av eit større område rundt Stortinget på grunn av ein bombetrussel.

Det påverkar buss- og trikkerutene som går forbi Stortinget.

Pressetalsperson Øystein Dahl Johansen i Ruter oppmodar folk til å følge med på ruter.no og i Ruterappen for oppdatert informasjon.

Folk som skal reise gjennom sentrum, blir oppmoda til å bruke t-banen, som førebels ikkje er ramma.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no