Hopp til innhold

Brækhus: – Ei belastning å høyre på forklaringa

Bistandsadvokaten til familiane, Håkon Brækhus, seier til NRK at det har vore vanskeleg å høyre Andersens forklaring for retten torsdag.

– Det har vore ei belastning å høyre på, men det var ikkje uventa.

Har det kome fram noko nytt, slik de ser det?

– Nei, alt dette har vore forklart tidlegare i avhøyr. Så vi har vore godt budde på det som skulle komme. Men det betyr ikkje at det kan vere ei stor belastning å høyre om dette.

Kva spørsmål i Baneheia-saka står framleis utan svar etter 24 år?

– Det er kvifor, kven som har teke initiativet og kven som var til stades. Det er heilt ope i denne saka.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no