Hopp til innhold

Biltrafikken aukar i Noreg – sentrale strok køyrde mest

Bilbruken auka med 1,6 prosent i fjor, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. I snitt køyrde norske personbilar 11.274 kilometer i 2023.

Hovudstadsområdet er blant dei som køyrde mest.

Asker og Bærum ligg over landsgjennomsnittet med 11.928 og 11.262 kilometer per personbil i året. I Oslo køyrde personbilane i snitt 11.704 kilometer i fjor.

Til samanlikning køyrde ein personbil i Alta 10.169 kilometer og i Hammerfest 10.262 kilometer. Også i Tromsø låg dei under snittet med 10.593 kilometer per personbil.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no