Altibox nede – 9500 kundar råka
Andreas Veggeland, kommunikasjonssjef i Altibox seier til NRK at dei har ein mistanke om ein graveskade på fibernettet til Viken Fiber i Østfold-området som gjer at 9500 kundar har utfall av tenestene sine.
– Vi har folk som jobbar intenst med å retta dette, slik at dei kjem opp igjen så raskt som mogleg. Vi er sjølvsagt veldig leie oss for dette, seier han.