Hopp til innhold

Trafikkulykke mellom personbil og mopedbil

Naudetatane rykkar fredag kveld ut til eit trafikkuhell på Hålogalandsbrua i Narvik, melder politiet i Nordland på X.

Eitt felt er stengt på staden.

Det har vore eit samanstøyt mellom ein personbil og ein mopedbil. Det er ikkje personskadar, men ein del materielle skadar.

Det blir avgjort med skademelding mellom partane, skriv politiet.