Hopp til innhold

To til sjukehus etter utførkøyring: Førar sovna bak rattet

Politiet i Nordland har avhøyrt begge dei involverte, førar og passasjer, i trafikkulykka som skjedde på E6 ved Trofors i Grane kommune på Helgeland søndag morgon.

Det opplyser politiet i Nordland på X.

Føraren av bilen erkjenner å ha sovna bak rattet, ifølge politiet. Førarkortet er tatt i beslag og politiet har starta etterforsking.

Ulykka gjeld ein bil med tilhengar og to personar i bilen. Av dei to var det føraren som blei lettast skadd av dei to involverte, ifølge operasjonsleiar i Nordland politidistrikt, Ivar Bo Nilsson.

Han forklarte at bilen har køyrt frå vegen og over inn i ei myr, der både bilen og hengaren gjorde rundkast i myra.

Vegen er rydda og det er no fri ferdsel.