Hopp til innhold

Novembervêret: Dobbelt så tørt i nord og dobbelt så vått i sør

I Nordland er det oransje farevarsel for skogbrann, mens Sørlandet har hatt den våtaste november på lenge.

November har nemleg vore både ein varm, våt og tørr månad.

Klimaforskar Helga Therese Tilley Tajet er ved Meteorologisk institutt seier at temperaturen i heile landet var 2,2 grader over normalen i november i år.

– Det er den 10. varmaste november i ein serie tilbake til 1900.

Varmast har det vore på Sørlandet og Vestlandet med 3 grader over normalen for november 2022.

– Deretter kjem Austlandet med 2,8 grader over, Trøndelag med 2,3 grader over og Nord-Norge med 1,1 grader over normalen. Nokre fylke kan også vise til rekordar.

Viken har ny fylkesrekord med 18,1 grader på Sigdal i Nedre-Eggedal den 11. november.

Innlandet har ny fylkesrekord med 17,5 grader på Fagernes den 12. november.

– Det har også vore unormalt tørt. Nedbøren for heile landet ligg 15 prosent under normalen for november, seier Tajet.

Skogbrann i Drangedal
Foto: Lorentz Berg / NRK