Hopp til innhold

Kontroll på gras/skogbrann

Oppdatert klokka 14:14: Brannen er no sløkken, opplyser brannvesenet.

Ved Vestersivegen i Grane rykka naudetatane ut etter ei melding om gras/skogbrann. Brannvesenet held no på med ettersløkking ved jernbana i Svenningdal.

Operasjonsleiar i politiet, Tommy Bech, opplyste at det er folk på staden som har meldt ifrå om dette. Det er cirka tre mål med gras som har brunne.

Togtrafikken var tidlegare stansa inntil naudetatane fekk kontroll på brannen. Brannvesenet jobbar no med å hindre ei ny oppblussing. To personar blir frakta til sjukehus etter å ha pusta inn røyk.

Brannen er knytt til eit hus som ligg i området, og der er omkringliggande skog og opne område ned mot jernbanen. Det er tørt i området og ein del vind.

– Men per no er det ikkje fare for spreiing til hus, seier Bech.