Hopp til innhold

Fotballtrøyefredag: Barnekreftforeininga rørt over responsen

Det plingar framleis inn donasjonar til Barnekreftforeninga.

I går var det fotballtrøyefredag og folk i heile landet gjekk i fotballtrøye på jobb for å vise støtte til Barnekreftforeininga.

– Det har vore enormt engasjement, og vi er utruleg rørte over responsen i heile landet.

Det seier Irene Rivelsrud, leiar for marknad og innsamling i Barnekreftforeininga.

Ho opplyser om at det er for tidleg å gjere ei opptelling i donasjonane, då dei i år som i fjor ser at donasjonane held fram i nokre dagar etter aksjonen.

Siv Anita Nystad, nestleiar i Barnekreftforeininga Nordland, seier at det er over 200 barn som får kreft kvart år og at mange slit med seinskadar, då ho gjesta Nordland si radiosending fredag ettermiddag.

– Kvifor har de valt akkurat dette med fotballtrøye?

– Det handlar om at det er mange barn som helst ikkje vil ligge på sjukehus, men som helst vil vere på fotballbana og spele fotball, og kanskje har ein draum om å bli eit stort fotballtalent.