Ein person sakna etter bustadbrann
Ein person er sakna etter brann i ein bustad på Bøstad i Lofoten.
– Vi har ikkje klart å gjere greie for personen. Vi fryktar at vedkomande var i huset då brannen starta. Det er éin bebuar på adressa og vi har ikkje lukkast i å kome kontakt med vedkomande.
Det seier operasjonsleiar i Nordland politidistrikt, Mari Lillestø.
Politiet har fått melding om brann i ein bustad på Bøstad i Lofoten. Naudetatane er på staden, men har ikkje kome seg inn i huset for å kontrollere fordi det er for farleg.
– Huset var fullstendig overtent klokka sju i dag tidleg.
Det var litt over klokka halv åtte laurdag morgon at 110-sentralen fekk melding om brannen.
Det er ikkje spreiingsfare til andre hus, men bustadar i nærleiken er evakuert på grunn av mykje røyk.
Bustaden var i full fyr då naudetatane kom fram til staden. Like over klokka 10 laurdag formiddag er brannvesenet i ferd med å avslutte slokkinga.
– Vi lar ein tankbil og to mann stå att for å sikre at det ikkje blussar opp noko nærliggande, seier Bent Krister Osbakk, vaktleiar for 110 i Nordland.
Politiet har ingen mistankar om kva som er årsaka til brannen per no.
– Det kan ta fleire dagar før ein får krimteknikar inn i hus, seier Lillestø.