Hopp til innhold

Asko Nord om E10: – Vi opplever vegen som dårlig heldt ved like

Asko Nord har mange bilar langs vegane i Nord-Noreg. No har bedrifta sett seg lei av det dei karakteriserer som dårleg vedlikehald på E10. Det skriv Lofotposten.

Selskapet har no skrive eit brev til Statens vegvesen der dei tek opp problemet.

– Vi opplever E10 langs Lofast og heile vegen til Leknes som dårleg heldt ved like. Sjåførane melder om at det blir starta for seint opp med brøyting, står det i brevet som transportleiar i Asko Nord AS, Christian Jakobsen har skrive under på.

Asko Nord leverer varer til kundar innanfor daglegvare- og serveringsbransjen.

Jacobsen fortel vidare i brevet at bedrifta sjølv har gjennomført målingar som kan dokumenterast med bilete viss det er ønskjeleg, skriv avisa.

– I dag, 10.03.2023, var vi ute og målte snø mengda på Lofast kl. 06:00 til 25 cm. På andre stadar observerte vi meir, men dei andre plassane er det ikkje eksakt måling på. Det er ikkje ein slik standard vi skal på ein Europavei?, spør han.

John Roger Sørvang i Statens vegvesen stadfestar at dei har fått brevet.

– Vi har førebels ikkje svart på brevet. Vi må undersøkje litt rundt dette.

I samband med dette har Vegvesenet bede entreprenøren om ei forklaring om korleis forholda var på dette tidspunktet og om dei kjenner seg igjen i skildringa, seier Sørvang til Lofotposten.

– Omgåande så høyrest 25 cm som veldig mykje ut. Men vi skal svare Asko Nord AS når vi har fått svar frå entreprenøren.

ASKO
Foto: Torstein Bøe / NTB