Hopp til innhold

6,2 millionar til freda bygg

Rørvik gård, Trandamperiet på Å og Solheimbrakka er bland bygga som får støtte til vedlikehald, opplyser fylkeskommunen i Nordland i ei pressemelding.

Totalt 25 bygg i Nordland får pengar. Summen er totalt på 6 195 375 kroner.

Midlane kjem frå staten, og det er riksantikvaren som fordelertilskot til fylkeskommunane og Sametinget, som igjen fordeler pengane til private eigarar i sitt område.

– Desse bygga er viktige for kulturarven vår, og vedlikehaldet av dei lar oss også vidareføre viktig materialkunnskap og handverkstradisjonar, seier Arne-Ivar Mikalsen som er fylkesråd for kultur, klima og miljø.

Rørvik gård
Foto: Leden, Siv Nytrøen