Hopp til innhold

Slik overlever plantane vinteren

Storleiken på blada kan avsløre kor mykje lys ein plante treng, ifølgje gartnar. Her er tipsa som gjer at grøne plantar kan trivast året rundt.

Potteplante

Om vinteren bør ein gi mindre vatn til plantane enn om sommaren.

Foto: Oline Nave / NRK

Det kan faktisk vere mindre krevjande å ta vare på ein plante om vinteren enn om sommaren, ifølgje Marianne Utengen, gartnar og redaksjonsmedarbeidar i Det norske hageselskap.

– For at ein plante skal klare seg og halde fram med å vekse, må det vere ein samanheng mellom kor mykje lys, næring og vatn den får. Når den får mindre lys, bør den også få mindre vatn og næring. Då går planten automatisk inn i ein «kvilemodus», fortel ho.

Tenk over plassering

Når ein kjøper plantar, gjeld det å kjøpe riktig type ut ifrå kva tilhøve ein har heime.

Plantar som har tynne og store blad klarer seg med mindre lys enn dei som har små, tjukke blad, fortel Utengen.

Den mest naturlege staden å plassere plantar, er for mange i vindaugskarmen. Men før ein gjer det, er det éin ting ein bør sjå etter:

– Pass på om du har ein panelomn like under vindauget der planten står. Panelomnar tørkar nemleg ut lufta, noko få plantar likar. Å flytte planten berre ein halv meter unna, kan hjelpe mykje, fortel gartnaren.

Om du ikkje har vindaugskarmar utan panelomn under, gjeld det å finne ein annan stad i rommet som får lys frå sola i løpet av dagen.

– Hugs at den mørkaste staden i eit rom som regel er på veggen midt mellom to vindauge. Prøv å sjå kvar i rommet sola treff i løpet av dagen. Då ser ein ofte at det er meir lys lenger inne i rommet enn ein skulle tru, seier ho.

– Bør ha ekstra lys

Mikrogrønt

Karse, erter og solsikke, dyrka på fuktig bomull, er enklaste form for mikrogrønt.

Foto: Marianne Utengen / Det norske hageselskap

Det er ikkje berre grøne potteplantar som kan klare seg innandørs i januar. Det er mogleg å dyrke både urter, spirer og mikrogrønt, ifølgje hageeksperten.

– Om ein ønskjer å dyrke eigne matplantar innandørs i vinter, bør ein gå for typar som er små og har kort dyrkingstid, fortel Utengen.

– Det viktigaste er å ha det ein dyrkar på ein varm stad i spirefasen. Etter kvart bør ein sette dei lyst – men med lågare temperatur, fortel Håkon Mella, kokk og forfattar av boka Enkel kjøkkenhage på 1-2-3.

Lys er endå viktigare for plantane som skal spire og gro enn for potteplantar. Helst bør det vere så likt naturleg lys som mogleg, til dømes kalde LED-lys eller kalde lysstoffrøyr, ifølgje Utengen.

– Med berre det vesle lyset som er ute no, vil plantane bli lange og spinkle, fortel Mella.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)